Styret er det øvste organet på instituttet og tek overordna avgjerder om økonomi og tilsettingspolitikk og studium. Det gjør dei ved å handtere budsjett og rekneskap, utlysingar og tilsetjingar og årsplanar ved instituttet.
I tillegg til den ordinære verksemda, er instituttet kopla til LINK - Senter for læring og utvikling. LINK tilbyr kurs og rettleiing i universitetspedagogikk for tilsette ved UiO.
Her kan du sjå oversikta over organa og instansane som leier og styrer instituttet:
|
Leiingsinstansar: |
Funksjon: |
| Instituttstyret | Overordna føringar for verksemda. |
| Instituttleiinga | Dagleg leiing og utvikling av forsking, undervisning og formidling ved instituttet, medrekna personalansvar. |
| Lokalt innstillingsutval | Innstillingsutval for tilsetting i rekrutteringsstillingar |
| Studieinstansar: | Funksjon: |
| Programråd | Overordna ansvar for kvalitet i studia. Rådet er felles for alle studieprogram som blir drivne frå instituttet. Utpeikt av fakultetet etter forslag. Rådet har to studentrepresentantar. |
| Undervisingsutvalet | Programrådet er undervisingsutval i dei sakene som vedkjem studia og som ikkje er omfatta av programrådet sitt ansvarsområde. |
| Nivåkoordinatorar | Faglege ansvarlege på kvart studienivå som har ansvar for å ta avgjerder om undervising, litteratur og vurderingsformer og evaluering av emne på det gjeldande studienivået. Nivåkoordinatorane er også medlemmer i programrådet. |
| Emneansvarlege | Fagleg ansvarlege for enkeltemne som har ansvar for å ta avgjerder om undervising, litteratur, vurderingsformer og evaluering. |
| Fagutvalet | Organ som blir valt av studentane på programma ved instituttet. Fagutvalet har representantar i programrådet |
| Forskningsinstansar: | Funksjon: |
| Koordinator for forskerutdanninga | Koordinerer undervisingstilbodet i doktorgradsprogrammet |
| Programrådet for forskarutdanning |
Programrådet for forskarutdanning er eit fakultært organ. Instituttet er representert med forskarutdanningskoordinatoren og ein forskingskonsulent (ikkje stemmerett). Rådet handterer alt av forskarutdanningssaker og er siste instans i opptaket til doktorgradsprogrammet. |
| Rådet for forskingssaker |
Rådet for forskingssaker er også eit fakultært organ. Forskingsleiaren til instituttet sit i rådet. Rådet for forskingssaker tek opp alle saker som speler ei forskingsstrategisk rolle både fakultært og på einingsnivået. |