Organisasjon

Her kan lese om kva for einingar som er involvert i styringa av instituttet.

Styret er det øvste organet på instituttet og tek overordna avgjerder om økonomi og tilsettingspolitikk og studium. Det gjør dei ved å handtere budsjett og rekneskap, utlysingar og tilsetjingar og årsplanar ved instituttet.

I tillegg til den ordinære verksemda, er instituttet kopla til LINK - Senter for læring og utvikling. LINK tilbyr kurs og rettleiing i universitetspedagogikk for tilsette ved UiO.

Her kan du sjå oversikta over organa og instansane som leier og styrer instituttet:

Leiingsinstansar:

Funksjon:

Instituttstyret Overordna føringar for verksemda.
Instituttleiinga  Dagleg leiing og utvikling av forsking, undervisning og formidling ved instituttet, medrekna personalansvar.
Lokalt innstillingsutval Innstillingsutval for tilsetting i rekrutteringsstillingar
Studieinstansar: Funksjon:
Programråd Overordna ansvar for kvalitet i studia. Rådet er felles for alle studieprogram som blir drivne frå instituttet. Utpeikt av fakultetet etter forslag. Rådet har to studentrepresentantar.
Undervisingsutvalet Programrådet er undervisingsutval i dei sakene som vedkjem studia og som ikkje er omfatta av programrådet sitt ansvarsområde.
Nivåkoordinatorar Faglege ansvarlege på kvart studienivå som har ansvar for å ta avgjerder om undervising, litteratur og vurderingsformer og evaluering av emne på det gjeldande studienivået. Nivåkoordinatorane er også medlemmer i programrådet.
Emneansvarlege Fagleg ansvarlege for enkeltemne som har ansvar for å ta avgjerder om undervising, litteratur, vurderingsformer og evaluering.
Fagutvalet Organ som blir valt av studentane på programma ved instituttet. Fagutvalet har representantar i programrådet
Forskningsinstansar: Funksjon:
Koordinator for forskerutdanninga Koordinerer undervisingstilbodet i doktorgradsprogrammet
Programrådet for forskarutdanning

Programrådet for forskarutdanning er eit fakultært organ.

Instituttet er representert med forskarutdanningskoordinatoren og ein forskingskonsulent (ikkje stemmerett). Rådet handterer alt av forskarutdanningssaker og er siste instans i opptaket til doktorgradsprogrammet.

Rådet for forskingssaker

Rådet for forskingssaker er også eit fakultært organ. Forskingsleiaren til instituttet sit i rådet. Rådet for forskingssaker tek opp alle saker som speler ei forskingsstrategisk rolle både fakultært og på einingsnivået.

 

Publisert 28. sep. 2010 14:55 - Sist endret 23. aug. 2024 12:10