‒ Mange skular gjer mykje bra for å hindre fråfall og vi kan lære av dei.
Det sa Jeffrey B. Hall, førsteamanuensis ved ILS og forskar på prosjektet og tilsett ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking.
‒ Vi kallar det lovande praksisar for å hindre fråfall fordi tiltaka ofte er utarbeidd for ein bestemt skule og tilpassa utfordringane der, sa Guri Skedsmo, prosjektleiar for ProAct og førsteamanuensis ved Instiutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).
Kollega Hedvig Neerland Abrahamsen, som også er førsteamanuensis ved ILS, fortalde om rektorane som deltok i prosjektet og understreka at elevane må settast i sentrum når ein utvikler løysingar, skulen må byggast rundt elevane snarare enn motsett.
‒ Dette representerer ei stor kulturell endring, der elevane i praksis blir inkluderte i leiargruppa, sa ho.
Utfordringar knytt til fråfall
Fleire utfordringar vart identifiserte i arbeidet med å hindre fråfall. EU sine etikkreglar, som GDPR, kan vere til hinder for oppfølging av elevar som risikerer å falle frå. Elevane sin sosiale bakgrunn, mangel på læreplassar innan yrkesfag, og tilpassing av skulesystemet til den enkelte eleven sine behov er blant dei kjende utfordringane.
‒ Funn i forskinga vår viser at det er mange aktørar som samarbeider om å halde elevane på skulen.
Det sa Ruth Jensen, professor ved ILS, som peikte på at å ha tilsette som evner å kommunisere med ungdommane som står i fare for å slutte, er heilt avgjerande.
Tidleg innsats og samarbeid
Eit av hovudtemaa denne dagen var at det er viktig å starte tidleg med tiltak for å hindre fråfall. Alt i overgangen frå barnehagen til skulen bør ein fange opp elevane som er i risikosona for å slutte.
Det er også behov for å styrke samarbeidet mellom dei ulike aktørane i skulen for å unngå "silotenking", det vil seie at ulike aktørar som skule, NAV, og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) ikkje arbeider og tenker saman om korleis dei skal løyse elevar sine utfordringar.
‒ Altfor mange elevar sluttar kvart år
Arrangementet vart avrunda med ein panelsamtale der representantar frå utdanningssektoren og støtteapparatet deltok.
‒ Kvart år er det rundt hundre elevar hos oss som ikkje fullfører, det er altfor mange.
Det sa Odin Stokke Tellesbø. Han er rektor ved Lørenskog vidaregåande skule.
Madelen Kloster er leiar av Elevorganisasjonen. Ho peikte på at elevar som sluttar på skulen òg fell ut av det sosiale fellesskapet. Enkeltlærarar kan ha stor påverknad på elevane, både fagleg og sosialt.
Må tenke heilskapleg om fråfall i skulen
I samtalen vart det poengtert at fråfallet i skulen generelt sett er lågt og på veg ned, og at det er mykje lærdom å hente frå prosjekt som Proact.
Samtidig vart det stilt spørsmål ved realismen i å ha som mål at alle skal fullføre vidaregåande opplæring.
Desse spørsmåla reiser òg problemstillingar kring kva som gjer at nokre elevar ikkje ser skulen som ein meiningsfull stad å vere. Og kva skjer med ungdommane etter at dei sluttar på skulen? vart det spurt om i panelet.
Sikkert er det at forskarane på Proact-prosjektet ikkje har planar om å slutte å jobbe med tematikken. No ventar blant anna ein stor internasjonal konferanse der dei skal dele funna og lære av forskarar i andre land.