Om forskinga ved ILS

Gjennom forsking og innovasjon i undervisning og læring, lærarutdanning, profesjonsutvikling og utdanningsleiing vil Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS) bidra til å ruste skulen til å møte dagens og morgondagens utfordringar.

Sjå video om forskinga ved ILS

Gjennom verksemda vår formar vi framtidas skule. Sjå video om forskinga ved instituttet:

(Videoproduksjon: S. Colvin, M. Heie, S. R. Nielsen/ UiO). 

ILS forskar på

Instituttet sin nærleik til skulen gjer at vi kan bidra med forsking som er relevant for skule- og utdanningsfeltet. Instituttet har satsingsområda:

Undervisning og læring om og for berekraft

Korleis forheld lærarutdanning og skulen seg til undervisning og læring om berekraft? Kva er skulen si rolle i den grøne omstillinga og kva slags nye arbeidsmåtar vert utvikla? 

Vi forskar på korleis elevar og lærarar skaper meining og utviklar ferdigheiter i møte med temaet klima og berekraft. Dette ser vi på både i skulen og i ulike nettverk mellom skule, nærmiljø og organisasjonar. Vi er også interessert i korleis studentar og undervisarar møter tematikken i lærarutdanning og i skulen. 

Relatert forskargruppe: Challenges of Sustainability in Educational Research (COSER)

Nasjonale og internasjonale studiar om læring 

Internasjonale studiar som PISA og TIMSS gir grunnleggande og samfunnsrelevant kunnskap om resultat av norsk utdanning i et samanliknande perspektiv (LENKER). Gjennom forsking knytt til nasjonale prøver bidrar vi med informasjon om norske elevar sine ferdigheiter og utvikling i lys av norske læreplanar.
Våre forskarar utviklar metodar for å samanlikne data nasjonalt, mellom land og utdanningssystem og over tid.

Relatert forskargruppe: Large-scale Educational Assessment (LEA) 

Undervisning, læring og fag

Vi forskar på undervisning og læring i og på tvers av fag- og læringsaktivitetar. Forskinga gir viktig innsikt i samanhengar mellom organisering og undervisning, og elevane sitt læringsutbyte. Undervisning i enkeltfag, grunnleggande ferdigheiter på tvers av fag og bruk av digitale ressursar er sentrale forskingstema. Samarbeid mellom pedagogiske og fagdidaktiske miljø og engasjement i nasjonale og internasjonale prosjekt bidrar til høg kvalitet. 

Instituttet er eit av Norden sine leiande miljø på video- og klasseromsforsking. 

Relatert forskargruppe: Studies of Instruction across Subjects and Competences (SISCO)

Lærarutdanning og profesjonsutvikling i skulen

Vi forskar på lærarutdanningar sine studiedesign - på innhald, organisering og betydning, og på lærarar si profesjonsutvikling. Når vi veit meir om korleis fagkunnskap, pedagogikk, fagdidaktikk og praksis for studentane speler saman kan vi bidra til auka samanheng og integrerte studieløp.

Vi forskar også på overgangen frå lærarstudiet til læraryrket, og korleis rettleiing kan gi nye lærarar støtte. Og vi er opptekne av lærarar si profesjonelle utvikling i eit yrkeslangt perspektiv, og innan profesjonelle fellesskap.

Relatert forskargruppe: Teachers` professional development and educational change (TEPEC)

Leiing, styring og organisering av skulen

Korleis kan skuleleiarar leie og utvikle skulen til ein god stad å lære?  Korleis vert makt og innflytelse fordelt i utdanningssystemet? Vi forskar på skulereformer, utdanningsleiing og utviklinga av skulen som institusjon. Sentrale tema er: 

  • Kunnskapspolitikk
  • Styring og leiing
  • Innovasjon

Vi studerer korleis planlegging, undervisning og vurdering vert utforma, fortolka og iverksett, både nasjonalt og internasjonalt. Vi forskar også på korleis styringsformer vert endra i tråd med nye forventningar til skulen.

Relatert forskargruppe: Curriculum Studies, Leadership and Educational Governance (CLEG)

Forskargrupper

Forskinga ved instituttet er i hovudsak knytt til utvalde forskingstema og forskargrupper. Gruppene driv både internt og eksternt finansierte forskingsprosjekt, og er viktige møteplassar for våre forskarar.

ILS er vertskap for eller deltar i forskargruppene:

Publisert 22. sep. 2010 13:33 - Sist endret 30. aug. 2023 14:35