English version of this page

Tal og fakta

Institutt for lærarutdanning og skoleforsking (ILS) er Noregs leiande miljø innan fagdidaktikk, utdanningsleiing og praksisrelevant skoleforsking.

Instituttet har som sin visjon å forme framtidas skole gjennom lærar- og skoleleiarutdanning og skoleretta forsking, og er eit nasjonalt leiande miljø på desse områda. Instituttet har ca. 140 tilsette og drygt 1000 studentar, og er plassert ved Det utdanningsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Der vart det etablert som eit eige institutt i 1996. Instituttet si historie strekk seg likevel tilbake til Pedagogisk seminar i Oslo, som vart etablert i 1907.

Mann smiler mot to andre personer. Illustrasjonsfoto.
(Alle illustrasjonsfoto: Shane Colvin/UiO).

Utdannar lærarar, rettleiarar og skoleleiarar

I dag utdannar ILS lærarar og lektorar for trinn 8-13 i skolen og skoleleiarar. Instituttet forvaltar det femårige Lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo og tilbyr dessutan eittårig praktisk-pedagogisk utdanning på heiltid og deltid.

ILS tilbyr eit erfaringsbasert masterprogram i utdanningsleiing på deltid, utdannar rettleiarar i skolen og vidareutdannar skoleleiarar gjennom Rektorutdanninga. Instituttet er også engasjert i emnet Naturfagdidaktikk for lærarutdannarar.

ILS har et utstrekt samarbeid med skolar gjennom heile si verksemd: 18 universitetsskolar og 100 partnerskolar i Oslo og Akershus.

Forsking

Kvinne i klasserommet med elever. Illustrasjonsfoto.

Ved ILS vert det forska på undervisning og læring i skolefaga, lærarutdanning og profesjonsutvikling i skolen samt leiing, styring og organisering av skolen. Det vert gjort nasjonale og internasjonale studiar av kompetanseutvikling i grunnopplæringa og i høgare utdanning. 

Fleire større prosjekt er finansiert av Forskningsrådet og vert gjenomført i samarbeid med internasjonale partnarar. Instituttet deltar også i EU-finansierte forskarnettverk.

ILS er vertskap for fleire forskargrupper. Forskargruppene er sett saman på tvers av institutta under UV-fakultetet, og består av ansatte med felles faglege interesser som samarbeider om forsking og publisering.

Instituttet driv det vitskaplege tidsskriftet Acta Didactica Norden, som er ein del av FRITT UiO.

Elev med laptop. Illustrasjonsfoto.

Store undersøkingar og videolab

Instituttet har ei eiga eining for kvantitative analysar (EKVA), som gjennomfører store undersøkingar av den faglege kompetansen til elevar og lærarar på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, som PISA og TIMSS, og som utviklar nasjonale prøvar i lesing, kartleggingsprøvar og Osloprøvar.

ILS har også ei eining for støtte til kvalitativ forsking ved bruk av video- og audiodata, Teaching Learning Video Lab (TLVlab).

Nøkkeltal for 2025
Vitskaplege publikasjonar118
Masterprogram, femårig1
Masterprogram, erfaringsbasert1
Årsstudium2
Studieemner54
Etter- og vidareutdanningsprogram3
Vitskaplege årsverk (totalt)81
Postdoktorar4
Stipendiatar22
Administrative årsverk38
Budsjett (MNOK)89,9
Del av budsjettet som er eksternt finansiert87,4

→ Les meir om instituttet si organisering.

Publisert 24. nov. 2015 10:36 - Sist endret 29. juni 2026 15:15